Shopping security
Beskrivelse:
På dette kurset lærer du om nullsvinn, zero waste og reistesøm og får leike med det i praksis!
Eg startar med å vise døme på korleis nøysøm jobbar med gjenbruk og nullsvinn som designprinsipp.
Vidare på kurset syr du ei stoffkorg og/ eller sjongleringsballar av stoffreistane dine. Kurset egnar seg for alle nivå av saumkunnskap så lenge du kan bruke ei symaskin. Stoffkorga kan lagast i ulike variantar ut frå dine syferdigheiter: av eit stykke stoff eller som lappeteppe, stor eller liten, med hank eller ikkje, og fora eller ikkje fora. Sjongleringsballane syr me på overlock av dei minste reistane og fyller med dei aller minste!
Bli med å bruke opp reistane dine!
Passar for:
Deg som allereie har grunnleggande syferdigheiter, ingen øvre eller nedre aldersgrense;) Dersom du er ukjent med symaskin, meld deg på nybegynnerkurs symaskin fyrst:)
Ta med:
Stoffreistar frå andre syprosjekt i stødig bomullskvalitet.
Symaskin de kjenner og det utstyret de vanlegvis bruker når de syr. (Stoffsaks, sprettekniv, knappenåler)
Praktisk informasjon:
Kvar?
Kurset blir halde i mitt atelier i 4. etasje på Elefant workspace og i fellesområdet rett utanfor.
Adressa er Erfjordgata 8, på Storhaug i Stavanger. Det står Askegården over inngangsdøra. Døra er låst på kveldstid, men eg kjem og opnar for dykk. Om du kjem for seint, gi beskjed på 91876400, så henter me deg.
Bil:
Det er gratis parkering langs bygget i Erfjordgata 8.
(Om du ikkje får plass her, er det soneparkering utanfor. Sone 11 i Taugata og Erfjordgata i tidsrommet 8- 18 på kvardagar og 8- 16 laurdag. 2 timar gratis i Johannesgate på nedsida. Også parkeringsplass med betaling i Johannesgate på andre sida av bygget.)
Buss:
Nr 1 og 4 stoppar på busstoppet Kjelvene like ved.
Liten skrift:
Ved avmelding seinare enn ei veke før kurset, har du ikkje krav på refusjon. Dersom kurset må avlysast på grunn av sjukdom hjå kurshaldar eller annan uforutsett hending på arrangørs side, vil du få pengane attende.
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 20 - Jun 25
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order