Shopping security
Glas med rensa talg til steiking, baking og fritering. Talget er frå våre eigne økologiske og grasfôra dyr, og frå nøye utvalde gardar i nærmiljøet vårt.
Talg er fantastisk til steiking, baking og fritering, og er særs næringsrikt. Talg er rikt på omega 3-feittsyrer og inneheld vitamin A, D, K og E.
Rensing av talg er ein tidkrevjande prosess. Me gjer alt for hand, og renser talget fleire gonger for at det skal bli heilt reint. Resultatet er eit nydeleg, stabilt feitt. Talg tåler høg varme, og egnar seg særs godt til både steiking og fritering. Drikk du kraft som del av ditt daglege kosthald, vil ei skei med talg gjere krafta ekstra næringsrik. Talg er ei perfekt råvare i eit keto eller carnivore-kosthald – ekte renvare!
Talget kan du også bruke til å lage din heilt eigen hudpleie!
HANDLAGA PÅ EEN GARD: Een gard på Voss er familiegarden vår, og her har me halde til i generasjonar. Garden er økologisk, og me driv etter regenerative prinsipp og med fokus på dyrevelferd. I tillegg til hudpleieserien vår, Symre, sel me økologisk kjøt og handlaga produkt med råvarer frå inn- og utmark. Vårt mål er å tilby varer av høg kvalitet med lokale ingrediensar, og bidra til levande landbruk og levande bygder!
INNHALD: Talg
167 ML
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 20 - Jun 25
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order