Shopping security
Forfattar: Oddrun Grønvik
Gitt ut: 2023
Hefta
44 sider
20 x 13 cm
ISBN 9788251304023
Ei Allkunnebok
Stort omslag
Hovudverket til Hans Ross er "Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen." I dette heftet kastar Oddrun Grønvik fram tanken om at Ross i røynda byrja på eit anna ordboksprosjekt. Ordboka skulle ikkje først og fremst vera ei framsyning av korleis eit moderne norsk riksspråk bør sjå ut, men eit bilete av ordbruk og dermed av arbeidsliv og åndsliv i norske bygder i fortid og samtid. Mykje av det Aasen vraka til sitt prosjekt, ville Ross teke med i sitt av di det biletet han ville gje av norsk mål var eit anna. I framhaldet av nynorsk leksikografi har Aasens verk fått ein etterfølgjar i "Nynorskordboka", medan "Norsk Ordbok" blir redigert meir i Ross si ånd.
Heftet er eit opptrykk av ein artikkel som vart publisert i festskriftet til Magne Rommetveit, pluss ein ny oppsummerande kommentar.
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 20 - Jun 25
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order