Shopping security
Symre universalkrem med mynte er ein næringsrik og allsidig krem til heile kroppen. No til vår og sommar kan me verkeleg anbefale den til fotpleie av føtter som skal fram i småsko og sandaler! 🦶🍀
Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Kremen kjem i krukke på 60 ml eller i ein liten og praktisk 30 ml-boks som enkelt får plass i lomma, veska eller sekken!
🦶 Herleg som feit og næringsrik fotkrem til tørre og sprukne helar
❤️🩹 Smør den på muskelsmerter/verk
💧 God til eksem – trygg for barn
💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud
🤧 Smør den under nesa ved forkjølelse
Universalkrem med mynte har eit høgt innhald av talg som beskytter huda. Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte kan ha ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse.
Grønmynte er ei av dei eteriske oljene som ein reknar som trygg til barn. Hovudinnhaldet i denne kremen er talg og planteolje, og kun 0,49 % eterisk olje. Til barn skal ein likevel alltid vera forsiktig, og me anbefaler å teste ut på eit lite område på huda først. NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell.
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar!
INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius, Mentha Arvensis Leaf Extract, Mentha Spicatha
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk mynte dyrka på garden vår, eterisk olje av grønnmynte
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. Ingen av kremane våre inneheld konserveringsmiddel.
Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
30 ML / 60 ML
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jun 20 - Jun 25
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order